Utbygging breiband i Suldal

Suldal Elverk har bygd ut fiber til store delar av Sand, Suldalsosen, Kvilldal, Kjetilstad, Jelsa, Ropeidhalvøya, Nesflaten, Erfjord, Vanvik, Foreneset og Fjellbergskaret. I 2017 vil vi halde fram med utbygginga i området Vanvik, Bogsund, Tysse, Berakvam, Mosvatnet og Eldåsen.

90% av husstandane i Suldal har nå tilbod om fiber-breiband.

Vi ynskjer å byggje ut rasjonelt og samlar difor opp kundar i dei ulike områda før oppkopling startar.

Ynskjer du fibertilknyting, eller har andre spørsmål? Gi oss melding om dette!

 

Pågåande større prosjekt:

  1. Vanvik - Fatnes: Oppkopling av kunder pågår. Alle føringsvegar er ikkje fastsett enda, og medfører visse forseinkingar.
  2. Tysse: Hovedtilførsel på høgspentlinje er strekkt. Ytterlegare utbygging vurderast fortløpande.
  3. Mosvatnet: (Eldåsen -Hovestølen) Utsett til våren 2017 grunna snø. Ikkje garantert at ein kjem fram med nødvendig utstyr i alle område.
  4. Berakvam: Strekking i høgspentlinje pågår.
  5. Bogsund: Oppkopling av kundar pågår.
  6. Kløv: Strekking og skøyting pågår.
  7. Kvilldal. Utviding under planlegging.