Tilgang til nasjonal førstehjelpskanal


Røde Kors, Altibox og Laerdal Medical har lansert ein nasjonal førstehjelpskanal. Seks av ti nordmenn vågar ikkje hjelpa i ein naudsituasjon av frykt for å gjera noko galt.


Gratis tilgang

Alle Altibox-kundar har gratis tilgang til førstehjelpsfilmar og interaktive animasjonar døgeret rundt. TV-sjåarane kan sjølv svara på spørsmål ved å trykkja på knappar på fjernkontrollen.


Dårlege kunnskapar

Omlag 65% av befolkninga har utdaterte eller inga kunnskap om førstehjelp, - noko som er bekymringsfullt. Forhåpentlegvis kan "førstehjelpskanalen" vera til nytte og auka førstehjelpskunnskapen.

Temaer som vert tatt opp på kanalen er generell førstehjelp, i tillegg til informasjon om korleis du skal hanskast med m.a. flått, solforbrenning, skadar fra brennmaneter med meir.

Suldal Elverk vil råde alle sine kundar til å delta på Suldal Røde Kors Hjelpekors sine førstehjelpskurs.