Personvernerklæring

Suldal Elverk KF fokuserer på å ivareta og beskytte våre kundar sitt personvern, og handsamar personopplysningar i samsvar med dei til ei kvar tid gjeldande lover og forordningar. Personopplysningar er opplysningar og vurderingar som kan knytast til deg som kunde.

Denne personvernerklæringa beskriv kva personopplysningar Suldal Elverk mottar og samlar inn når du bestill og nyttar deg av tenester frå oss, og kva me gjer for å ta vare på personopplysningane dine.

Ved å bestille og ta i bruk våre tenester, samtykkjer du til at Suldal Elverk handsamar personopplysninganer etter denne personvernerklæringa og dei til ei kvar tid gjeldande lover.

Behandlingsansvarlig

Suldal Elverk er ansvarleg for handsaminga av personopplysningar i samband med alle tenester som leverast av oss.

Registrering og innsamling av personopplysningar

Suldal Elverk handsamar dei personopplysningane du oppgir når du registrerer deg hos oss, og opplysningar som du på annan måte frivillig gir frå deg, for eksempel opplysningar om namn, adresse, e-postadresse, mobilnummer og alder.

Norges Vassdrags- og energidirektorat (NVE) har vedteke forskriftsendringar og pålagt nettselskap og strømleverandørar å hente inn fødselsnummer. For å kunne sørge for god datakvalitet, sikkerhet og personvern i Elhub (som er ein nasjonal, sentralisert løysing for datalagring) må alle kundar registrerast med unik identifikasjon. Det inneber at alle personar som er straumkundar må identifiserast med fødselsnummer (eventuelt d-nummer, et identifikasjonsnummer som gis til alle utlendingar som bur i Norge under seks månader). Unik identifikasjon vil bidra til betre informasjon til kundane på ein effektiv måte og samtidig hindre at uvedkommande får tilgang til opplysningar i Elhub.

Suldal Elverk henter inn fødselsnummeret frå folkeregisteret via oppslag basert på kundens namn og fødselsdato. Fødselsnummer registrerast kun i vårt kundeinformasjonssystem og nyttast som identifikasjon av kunde og ved utveksling av informasjon mot Elhub slik nettselskap og kraftleverandør er pålagt. Informasjonen beskyttast og handsamast som sensitiv informasjon. I tillegg samlar Suldal Elverk inn og handsamar informasjon om ditt kundeforhold, som for eksempel opplysninger om tilknytning, strømforbruk, og kva avtalar du har.

Kva brukast personopplysningane til?

Suldal Elverk brukar personopplysningane til å gi deg dei tenestene du har registrert deg for. Dette for å kunne administrere ditt kundeforhold, gjennomføre leveransen og faktureringa.

Suldal Elverk nyttar og personopplysningane til informasjon om våre tenester til deg.

Utlevering av personopplysningar – taushetsplikt

Suldal Elverk vil ikkje utlevere personopplysningar som vedkjem deg eller nokon i din husstand til utenforstående, unntatt når utlevering av personopplysningane skjer:

a.    Med samtykke frå den som opplysninga gjeld.
b.    Med heimel i lov eller forskrift.
c.    Etter pålegg frå ein domstol eller anna myndighet.
d.    Som ledd i betalingsinnkreving kor det er saklege grunnar.

Taushetsplikta er likevel ikkje til hinder for at Suldal Elverk tilgjengeleggjer ovennemde personopplysningar for dei selskapa som etter avtale med Suldal Elverk forestår den tekniske eller administrative drifta av våre tenester. Suldal Elverk skal etablere datahandsamaravtale med slike selskap.

 

Dine rettar

Du har til ei kvar tid rett til innsyn i dei opplysningar som Suldal Elverk har registrert om deg. Du kan også krevje retting og sletting av personopplysningar i samsvar med gjeldande lovgivning.