Breibandsaktuelt frå Suldal elverk


Suldal Elverk lanserar ny tv-løysing!

Vår nye TV-løysing bind saman heile underhaldningsuniverset  i ein teneste. Filmar, TV, opptak, straumetenester, radio, appar og alt du kan ynskje deg av underhaldning i eitt univers : Altibox TV på alle skjermar!

 

Nye kundar bestillar via bestillingsskjema til høgre.

Eksisterande kundar tek kontakt med vår resepsjon på tlf: 52 79 26 00 eller fyll inn skjema "Nye altibox TV. For eksisterande kundar"

 

Les meir om Altibox Nye Tv

Har du allereie Altibox Nye TV? Her finn du smarte tips!


Breiband

Suldal Elverk er leverandør av  Altibox sine produkt i Suldal. Hovudprodukta til Altibox er TV, Internett og Telefon. I tillegg får ein tilgang til filmleige, TV overalt på nettbrett, PC og mobil. Har ein fasttelefon kan ein og laste ned ein aplikasjon kalla Altibox loop til mobilar og nettbrett. Aplikasjonen gjer at ein eksempelvis kan ringje gratis med mobilen. Dette gjeld og i utlandet.

Bestill i dag dersom du interessert i Altibox. Dersom du er i tvil om vi kan levere tenesta hjå deg bør du ta kontakt på tlf. 52 79 26 00 eller post@sev.no før du bestiller.


Bestilling/Prisar:

Vi skil mellom ordinere hustandar og Fritidsbustadar. Bruk skjemaet som passar deg for å sjå prisar og aktuelle produkt:

OBS: Du må lagre skjemaet for å sende med knappen.

Innhald i TV-pakkane kan du lesa meir om i altibox brosjyren

Kanaloversikt for fritidsbustadar finn du her.

Etterbestilling av TV pakkar kan gjerast via tvportalen eller på nettet. NB! merka at ein må velje Haugaland Kraft som leverandør


Bedrift:

Er du bedriftseigar og ynskjer fibernett til di bedrift? Ta kontakt på post@sev.no for pristilbod.

Problem med vårt produkt? - Kundeservice breiband

Før du ber om hjelp kan du forsøke å dra ut støpselet både på heimesentral og dekodar. Vent eit par minutt før du pluggar inn heimesentralen først. Når denne har stått tilkopla eit minutt eller to pluggar du inn støpselet til dekodaren. På denne måten får ein resett elektronikken og lasta inn siste versjon av programvare etc. Dersom dette ikkje hjelp kan ein ta kontakt med kundeservice som forklart nedanfor eller benytte facebooksida som det ligg link til oppe til høgre.

Vi samarbeidar med Haugaland Kraft om kundeservice på breiband. Telefon nummeret du skal ringe er 52 79 26 05 og epost adressa er post@sev.no
Kundesenteret held ope måndag - fredag fra 08.00 - 20.00 og laurdag 10.00-14.00.