Ungdomsstipend 2018

Styret i Suldal Elverk har i 2018 delt ut ungdomsstipendet på kr. 25.000,- til Ingvald Halgunset (21) frå Erfjord.

Ingvald Halgunset har vore interessert og god i fotball gjennom heile oppveksten. I starten var det Erfjord IL og Suldalsgutane som var laget. Han debuterte på A-laget til Suldal IL i 5. divisjon allereie som 14. åring, og spelte fast på dette laget fram til han flytta til Stavanger for å ta vidaregåande utdanning.

I Stavanger var det fleire som la merke til Ingvald sine prestasjonar, og han har vore innom både SIF, FK Vidar og Vaulen før han til slutt vart del av FK Vidar sitt 2. divisjonslag. Dette laget gjorde det spesielt godt i cupen i 2016 då dei slo ut både Sola, Bryne og Viking. Det var Ingvald som scora det avgjerande målet som sende Viking ut av cupen dette året.

2017 sesongen gjekk og veldig bra, og Ingvald hadde omtrent overgangskontrakta med Viking i lomma. På grunn av alvorleg skade i romjula 2017 gjekk derimot overgangen i vasken.

I 2018 har Ingvald kjempa seg tilbake etter skaden, og er nå på full fart oppover i systemet. Både Viking og Kongsvinger har på nytt vist interesse for den gode midtbanespelaren og me vil heilt sikkert både sjå og høyre meir om Ingvald framover.

Suldal Elverk heier på flinke suldølar som utmerkar seg, og vil markere dette ved å tildele årets ungdomsstipend til Ingvald Halgunset. Me ønsker lykke til med vidare karriere, og håpar vårt bidrag kan komme godt med på vegen. 

Tor Bjarne Smedsrud
Elverksjef

Ingvald Halgunset2.jpg
Ingvald Halgunset.jpg