Kommunestyret i Suldal vedtok fusjon av Suldal Elverk inn i Haugaland Kraft

I lengre tid har det pågått samtalar mellom Suldal kommune som eigar av Suldal Elverk KF og Haugaland Kraft om fusjon av selskapa. I går kveld vedtok kommunestyret i Suldal intensjonsavtalen for fusjon mellom Suldal Elverk og Haugaland Kraft.

Vidare framdrift er å forhandle ferdig ein transaksjonsavtale som skal endeleg godkjennast i ekstraordiner generalforsamling i Haugaland Kraft den 26.11.2018 og i kommunestyret i Suldal.

Alle tilsette i Suldal Elverk er sikra vidare arbeid i Haugaland Kraft.

Suldal Elverk eig og driv både Regionalnettet og distribusjonsnettet i store deler av Suldal og i deler av Hjelmeland. Suldal Elverk driv og med kraftomsetning, breiband (Altibox), kraftproduksjon og sal av elverksrelaterte tenester.

Om Haugaland Kraft

Hovedkontorer ligg i Haugesund med avdelingar på Stord, i Sauda og i Ølen/Skånevik. Hovedverksemda er overføring og omsetning av elektrisk kraft, utbygging/drift av fibernettverk på Haugalandet. Konsernet eigast av kommunar i regionen, SØK AS og Finnås Kraftlag SA og har i overkant av 390 tilsette. Haugaland Kraft sin visjon er: "Vi gir kraft til en sterk og attraktiv region".

Haugaland Kraft blei etablert i 1998 ved at Haugesund Energi og Karmsund Kraftlag fusjonerte. Etter ei omstrukturering av verksemda i 2015 blei selskapet organisert som eit konsern frå 1. januar 2016. 

Konsernet Haugaland Kraft består av eit morselskap og 4 heileigde dotterselskap; Haugaland Kraft Nett AS, Haugaland Kraft Fiber AS, Haugaland Kraft Energi AS og Haugaland Næringspark AS. I tillegg er dei majoritetseigar i Sunnhordland Kraftlag AS og Afiber AS.