Ny utgåve av Vår Energi

Nyttig for heile bygda 

Suldal Elverks nye korgbil skal gjere det lettare å drifte og montere veglys. Brannvesenet kan også få nytte av  bilen, som  har lift med tilgang til høge bygningar. 

Dette kan du lese om i kundemagasinet Vår Energi, som du kan finne i postkassen måndag–onsdag i veke 44. 

Ei rekkje endringar skal gjere straumforsyninga raskare og meir effektiv, og det blir utarbeidd fleire løysingar som byggjer på informasjons- og kommunikasjonsteknologi. 

Smarte straummålarar (AMS) er allereie på veg inn i norske heimar. No blir it-løysinga elhub utvikla for å handtere all datatrafikken. Med elhub kan det utviklast nye tenester, og fakturering av straum og nettleige kan gjerast meir effektivt enn tidlegare. 

Vår Energi tek også opp korleis straumnettet kan bli utvikla langsiktig og meir effektivt, for nettet krev stadig meir ressursar; du og eg må betale. Du kan også lese om kva konsekvensar forslaga frå Reiten-utvalet vil få for deg. 

Korleis forklarer ekspertane svingingane i straumprisen? Kva spår dei om prisane framover? Bruker vi meir eller mindre pengar på straum no enn tidlegare? Kva vil elektrifisering av sokkelen få å seie? 

Halvparten av alle bygningsbrannar i Noreg har elektrisk årsak. Lærdalsbrannen for knapt eitt år sidan viste kor ille det kan gå. Men no er det komme nytt regelverk og blant anna pålegg om komfyrvakt og eit minimumstal stikkontaktar. 

Vår Energi gir gode råd om straumsparing og viser korleis du kan spare pengar på straum time for time gjennom heile døgnet 

Du blir med i trekninga av ein dab-radio dersom du greier kunnskapstesten. Den same premien kan du vinne dersom du løyser det populære Vår Energi-kryssordet.

Den nye utgåva finn du her